Under Sogningen-tribuna er det eit næringsbygg med garderobeanlegg, klubblokale, squash-hall og utleigelokale til kontor og undervising som Høgskulen i Sogn og Fjordane disponerer. Anlegget er utbetra med flaumlys og undervarme og nytt tribuneanlegg med berre sitjeplassar – m.a. for å tilfredsstille FIFA sine krav er under oppføring. Vis-a-vis Fosshaugane stadion ligg det ei grusbane i full storleik til fotball og anna ball-leik. Bana vert òg nytta til tivoli og sirkus, anna næringsverksemd og parkeringsplass ved store tilstellingar på Fosshaugane eller i Sognahallen. Telefon: 57 62 90 00 E-post: post@sogndalfotball.no