Revisjon av samfunnsdelen av kommuneplanen

Kommuneplanen sin samfunnsdel er oppe til revisjon. Føremålet er å trekkje opp visjonar og mål for kommunen. Det vil seie at vi skal fortelje korleis vi meiner at vi kan skape eit best mogleg samfunn og korleis innbyggjarar i kommunen kan få best mogleg liv – både i vår tid og for generasjonar som kjem etter oss.
I tillegg til samfunnsdelen skal tilknytingsplikt til fjernvarme vurderast i arealdelen og det skal lagast ein planstrategi.
Planprogrammet, som kommunestyret vedtok i februar, har fungert både som retningslinje kva planen skal innehalde og som faktadel. I løpet av våren vart det arbeidd fram eit framlegg til plan med planstrategi. Formannskapet la ut framlegget til offentleg ettersyn i mai med frist for innspel den 1. august. Det er i alt kome 7 innspel.
Vi arbeider no vidare med planen. Framdrifta er at den skal handsamast politisk i oktober.
Dokument i saka kan du sjå her:
Sist endra av Berit Røneid,
19.08.2010
|