Gå direkte til innhold
Sogndal kommune
Postliste   Nyhende Politiske saker Ledige stillingar Kontakt oss
 





  English Deutch
  Nederlands Français
 
For å søka på ledige stillingar i Sogndal kommune må du nytta vårt søknadsskjema
Dersom du skal søkje på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør den nye offentleglova §25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Nettstadskart