Gå direkte til innhold
Sogndal kommune
Postliste   Nyhende Politiske saker Ledige stillingar Kart Kontakt oss
 





  English Deutch
  Nederlands Français
 

Sognahallen

Logo SognahallenSognahallen på Lines, ikkje langt frå Sogndal sentrum, er ein storhall med innandørs fotballbane med internasjonale mål, handball-, badminton-, basket- og volleyballbaner, pluss bandy. Vidare er det friidrettsanlegg for sprintdistansar, kule, tresteg og lengde – og klatreanlegg med mange løyper, der den høgaste er 18 meter høg. Anlegget inneheld òg buldrevegg.
Idrettssenteret som er lokalisert i hallen, har eigen aerobicsal på 140 kvadratmeter, sykkelsal, treningsstudio, styrkjesal og testrom. Anlegget har òg stort garderobeanlegg og kafeteria. Saman med Idrettssenteret er Idrettsseksjonen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fotballkrets, Sogndal Fotball og Vestlandsforsking leigetakarar i bygget som totalt er på 9000 kvadratmeter i hall og 4000 kvadratmeter ned nærings- og utleigebygg. Bygget vart oppført i 1998.

Telefon: 57 62 90 00
Telefaks: 57 62 90 01
E-post: sognahallen@sognahallen.no


Sist endra av Maj Britt Solberg, 30.06.2008

Nettstadskart