Om tenestetorget
Tenestetorget er hjarte i kommunal verksemd. Tenestetorget hjelper publikum med informasjon, rettleiing og tenesteyting på ein serviceinnstilt måte.
Mange ulike tenester
Her er nokre døme på dei tenestene vi kan hjelpe deg med:
- ambulerande skjenkeløyve
- utskrifter av kart
- informasjon om skular og SFO
- utfylling av kommunale skjema
- sal av parkeringskort
- kontantbetaling
- offentlege sakspapir
- støtteordningar i landbruket
- graveløyve
- søknad om barnehageplass
I tillegg kan tenestetorget svare raskt på ulike spørsmål og hjelpe deg å finne rett person i kommunen. Tenestetorget har og ein pc der du sjølv kan leite fram offentleg informasjon på Internett. Om du tek kontakt med oss over skranke eller telefon, er det alltid nokon der for deg.
Opningstider
Måndag 09:00 - 15:45
Tysdag, onsdag og torsdag 08:00 - 15:45
Fredag 09:00 - 15:45
Sommartid (15.05-14.09) har me ope til kl. 15.00
Julafta og nyttårsafta er tenestetorget stengt. I romjula er opningstida 10:00 - 14:00.
Du finn oss i kommunehuset i Gravensteinsgata 17.
Du kan og ringe oss på 57 62 96 00 eller sende oss ein e-post
Du er velkommen til oss!
Sist endra av Berit Røneid,
29.10.2009
|